ARK

Fra Ikkepedia
Gå til: navigasjon, søk

Arbeidernes Rikskringkasting

ARK.png

Type Leverandør av uinteressant kommunistisk propaganda
Grunnlagt 30. desember, 1922
Hovedkvarter Arbeidarpartiet
Medier Hjernebølgjer
Ansatte Altfor mange
Medlemskap Arbeidarpartiet
Søsterkanaler N er K, A er B, Svær J og Q var Z
Nettsted ark.kommunistski.su

ARK (forkorting av bm. Arbeidernes rikskringkasting) er staten, SV og Arbeidarpartiet sin eigen kommunistiske TV-kanal, i nær slekt med NRK og TV2. Målgruppa er hovudsakleg born, ungdom, vaksne og gamle, og ein sjeldan gong òg daude folk.

ARK fylgjer språkreglane frå staten og kan ikkje nytta mindre enn 25 % av nokon av dei fem målformene nynorsk, bokmål, slagsmål, sidemål og sjølvmål. Ein person med meir enn 2 i matte vil sjå at minst 25 % med kvar målform gjev 125 % i alt. Dette løyser dei ved å gje 214,3 % heile tida, dessutan får dei god hjelp frå lisenspengane til NRK, som på kommunistisk vis vert delt mellom TV-kanalane.

Program[rediger]

Kanalen har eit breitt tilbod til alle og her er ei liste med mange spennande program dei sender.

Ein dag som raudtpolitikar[rediger]

Serien Ein dag som raudtpolitikar starta opp hausten 2008 og fylgjer Torstein Dahle gjennom 24 timar - 15 minutt kvar veke. Programmet tek føre seg dagen 22. august 2008, klokka 0:00 til 23:59 og her får sjåarane mellom anna sjå korleis han søv (episode 1-24 og 90-96), et, er på dass og på jobb. Sjåartalet gjekk berre nedover etter fyrste episode, men auka etter episode 25. ARK var strålande nøgde med serien og sagde at det kan henda dei fylgjer opp med forfylging og trakassering fylging av Siv Jensen, Jens Stoltenberg og Kristin Halvorsen òg. Utfallet vart ikkje vellukka og ARK fekk fylgjande tilbakemelding frå dei:

«Hva? Jeg er sjokkert!»

- Siv Jensen

«Nei, nå er det jeg som snakker, Siv. Jeg er også sjokkert ... og jeg var det før deg!»

- Kristin Halvorsen

«Det må vi nesten sende videre til TV-deltakelseskomiteen og drøfte nøye. Det er dessuten mye planlegging som må til før vi sender denne saken videre til behandling i Stortinget. Deretter kan vi vurdere å åpne dette, dersom vi får et dokument fra stortingspresidenten om at dette er greit.»

- Jens Stoltenberg, som vanlig tek det 5 minutt å seia nei...

Velg! 09[rediger]

ARK fann inga lukke hjå partileiarane og måtte finna på noko nytt. Dei fann opp Velg! 09, ei rekkje program som inneheld politikarsnakk, politikarsnakk og atter politikarsnakk. Med i programma er òg politisk analyse av partia og folket. Dei enda opp med sju episodar med eigne namn som inneheldt ein analyse av kvart parti, i fylgjande rekkjefylgje: Venstre i sentrum, AP på skrå, Senterpartiet utfor, SV på vippen, Høyre i glippen, KrF mista svarslippen (innbydinga vart ikkje godkjend av Jesus, ei sending med Julegudsteneste frå året føre vart send i staden) og FrP over tippen.

Mål i midten[rediger]

Mål i midten køyrde utfor.

Mål i midten handlar om «dagens sidemål, gårsdagens sjølmål, morgendagens slagsmål, ukas bokmål og årets nynorsk» som dei seier sjølv. Programleiarane vart borte etter at dei under ei sending fekk problem med bilen sin (sjå biletet). ARK valde difor å stogga serien, som opphavleg handla om korleis ein bøyer verb og substantiv på dei fem norske målformene.

Ting som sier ding[rediger]

Serien Ting som sier ding gjekk i 15 veker og handla om rare klokker og andre merkelege antikkgjenstandar som seier «ding». Serien var ikkje populær og vart selt til NRK.

Raudhende[rediger]

ARK har òg sendingar med nyhende frå Raudt, Arbeidarpartiet, SV og verda, sett gjennom kommunistiske augo. Raudhende er namnet og det kjem ei sending kvar kveld. Med i sendinga er eit «blæsleiksvarsel» med innslag av «The Weather». Programleiaren talar mellomengelsk og alt er teksta på teiknspråk.

Mongolsk bakeriteknikk[rediger]

Mongolsk bakar.

Etter kritikk for å ha vori for lite internasjonale, starta ARK å senda Mongolsk bakeriteknikk - eit program som viser sjåarane korleis folket i Mongolia bakar brød, kaker og andre bakevarer. Det vart svært godt motteki og sjåartala til ARK slo TV2 og NRK til saman i fleire veker. Men då ARK la ut alle oppskriftene på netet, fall sjåartala kraftig og det vart rapportert om magesjuke, lungekreft og lepra som attåtverknader. Styremedlem Kristin Halvorsen var raskt ute og la heile skylda på Erna Solberg.

«Vi i styret ... vel, i alle jeg, resten stemte imot, mener at Erna Solberg har skylda i denne tragiske hendelsen. Ettersom dette er en så alvorlig sak, spiller det egentlig ikke noen stor rolle hvorfor vi Erna har skylda.»

- Kristin Halvorsen etter skandalen då ho vart spurd om kvifor ho gav Erna skylda

«Jæi mener at det er Kristin sælv som har skyldæn, man kan ikke lægge ut kokebokæn sin på den måtæn og kalle det mongolske oppskriftær. Hvordan hun har fått det for sæi at jæi har skyldæn, det kan ikke jæi skjønnæ.»

- Erna Solberg om Kristin Halvorsen etter skandalen

Der ingen faktisk kan bu[rediger]

Bilete frå episode av Der ingen faktisk kan bu.

Etter NRK hadde send ei ukjend mengd med episodar av Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, forstod dei at serien faktisk ikkje var godt likt av folket. Serien vart difor kjøpt av ARK, som kalla serien Der ingen faktisk kan bu. Innhaldet er no stader det ikkje har budd folk før, ikkje bur folk no og ikkje kjem til å bu folk i framtida. Sjåartalet til serien raste og vart kutta ut etter berre nokre få episodar.

Folkets meninger[rediger]

Kringkastingssjefen tek eit ord frå denne ordboka og byggjer episodane på orda som vert plukka ut.

Folkets meninger er eit debattprogram der ARK spør folket om kva dei synest om ulike ting. Serien er nystarta og har berre hatt tri episodar, temaa har vori «spræne», «proberhet» og «kontorpersonale». Serien har høge sjåartal og det er mange som kjem med gode innspel.

«Vi opplever gode seeertall og at folk bidrar på en konstruktiv måte. Det er veldig bra og vi er veldig takknemmelige.»

- Kringkastingssjefen i ARK om Folkets meninger

Notatblokkas gleder[rediger]

Det viste seg at ikkje alle bøkene på Stortinget var notatblokker.

Notatblokkas gleder er eit program der programleiarane smyg seg rundt på Stortinget og stel notatblokkene til politikarar. Etterpå vert dette lesi opp og det vert køyrd ordskifte om alt det dumme som står i blokkene. Serien tok over for Der ingen faktisk kan bu og mottok blanda tilbakemdling:

«Je syns itte at det er greit at følk tar blokka mi på denna måten og læser høgt fra 'a. Je blir frustrert og irritert og je syns itte no' om det!»

- Sylvia Brustad om Notatblokkas gleder

«Det var ikke mine saker dere skulle rote i! Programmet blei satt i gang for å skape skandale hos de andre

- Kristin Halvorsen til programleiarane etter episoden då dagboka hennar vart teken

«Mimi si ninasikia. Nimekuwa mKenya.»

- Adimu Feruzi frå vaskepersonalet. Det viste seg at han var frå Kenya og ikkje snakka norsk i det heile.