Djage

Fra Ikkepedia
Gå til: navigasjon, søk
Ein djage i godt humør. Men røyken som kjem ut av nasebora indikerar at illhugen ikkje er langt unna.

Djagar er sjeldne reptilliknande fabeldyr som til forveksling kan likne dragar. Det finst særs lite informasjon om djagar, då det er få som kjenner til deira eksistens.


Kjenneteikn[rediger]


Beskrivinga av djagar varierar veldig, både når det gjeld fargar, storleik og gemytt. Ein ser gjerne for seg at djagar er grøne, lilla eller svarte. Kroppen er fyldig og rund og hovudet er litt stort i forhald til resten av djagen, med ein kort, avrunda snute. Djagar har som regel eit markant overbitt, med lange hjørnetenner i overkjeven. Bakbeina er kortare enn frambeina, noko som fører til at djagar som regel står oppreist. I enden av kvar fot har dei ein pote med fire klør. I tillegg til fire bein har dei venger som nyttast til flyging og til å pakke folk inn i. Storleik på djagar varierar mellom veldig liten og veldig stor, alt etter humøret.

Gemytt[rediger]


Djagar kan vere ganske så sta og bestemte, og har som regel rett. Dei likar å diskutere og kverulere, og gir seg berre når dei ikkje gidd meir. Djagen er som regel i godt humør, leiken og kosete. Det hender den er gretten og irritabel, men det går over ganske fort.


Forsvar[rediger]


Spyttet til djagar er særs etsande, med stort innhald av konsentrert HCl.Likevel inneheld det ein del enzym som gjer at syra ikkje påverkar pelsdyr. Djagar har ei eldlunge og ei islunge. Desse vert mykje nytta i forsvarssituasjonar. I tillegg er klørne lange og kvasse, men dei nyttast sjaldan. I nokre sjaldne tilfeller har det vore observert djagar som nyttar

Ein djage vil innstinktivt bli for å kjempe, då den som regel vil vinne kampen. Einaste unntaket er i møte med haiar. Haien er djagens einaste naturlege fiende, og djagar vil prøve å unngå konfrontasjon ved å klatre opp i høgda, der haien ikkje kan nå dei. I nokre sjaldne tilfeller har det vore observert djagar som nyttar kubjeller for å skremme vekk haiar. Sidan haiar har supersonisk hørsel, gjer denn høge klangen frå kubjella store skadar på trommehinnene til haien, og djagen kan komme seg unna.

Kosthald[rediger]


Djagar er altetande, men føretrekk sjokolade, pannekaker og egg.


Reproduksjon og livslaup[rediger]


Djagar kan befrukte seg sjølv og legge egg, som regel eitt om gongen. Egget vert pakka inn i vatt og lagt på is, og klekkast mellom 300 og 400 år seinare. Etter 250 år er djagen fullvaksen og kjønnsmoden, og forventast å leve opptil 4000 år til.