Flaggfrø

Fra Ikkepedia
Hopp til: navigasjon, søk
Hei! Kanskje du leitte etter flaggstangfrø? NEI, DET ER IKKJE DET SAME DIN JÆVLA SURREBUKK!!

Flaggfrø (av flagg, som er det som kjem når du brukar det, og frø, fordi det er frø) er noko folk brukar når dei plantar flagg rundt om. Dei ser ut som alle andre frø, og kan difor lett blandast med andre frø. Det er slike frø som starta tradisjonen med flagg på sjølvaste 17. mai. Det skulle nemleg plantast nokre fine tulipanar, men dei tok feil frø; dei tok flaggfrø. Og vips så var det fullt av flagg i Slottsparken.


«Kan vi få ein sjanse til?»

- Libya til Noreg om flaggfrø


«Du spise Baot-Is no??»

- Kongen av Nepal etter han hadde brukt eit flaggfrø


Kvifor starta det?[rediger]

Alt starta midt under den store nasjonalismen på slutten av 1800-talet. Då Noreg gjekk ut av unionen med Sverige måtte vi skape noko som kunne byggje nasjonalkjenslen. I 1907 var flaggfrøa ferdig. Den fyrste som brukte dei i skikkeleg bruk var Roald Amundsen då han planta flagget på sørpolen i 1911. Frå desse flaggfrøa skulle det vekse flagg som skulle syne kva nasjon som kom fyrst til spesielle stader; som til dømes sørpolen.


Område til bruk[rediger]

Som tidlegare nemd, så vart dei brukt på sørpolen i 1911, men dei har òg vorte brukt andre stader. Flaggfrø har til dømes vore brukt, på Mt. Everest der det vart planta eit britisk flagg med Union Jack-frø, på månen i 1969, på havbotnen på nordpolen med eit russisk flagg og ein rekkje øyer som har vorte oppdaga etter 1911.

Det har òg vorte brukt i krig. Då sovjetske styrkar tok over Berlin, planta dei det sovjetske flagget på Riksdagen, og då amrikanarane gjenerobra Iwo Jima, var det òg flaggfrø. Det kjente bilete som er teken der, er då soldatane hindra flagge å velte på grunn av den tynne jorda som er der.

Her er soldatane som redda krigen då dei hindra flagget, symbole på at øya er teken, i å velte.

Etter krigen?[rediger]

Ikkje så alt for lenge etter krigen, men ganske lenge, i byrjinga av 1970-talet, så vart flaggfrøa gløymt. Alt på jorda var oppdaga, og flagg var ikkje lenger så vikti i krigføring. Frammkallinga vart stoppa, og alt vart gløymd.

Flagg i nyare tid[rediger]

Etter å ha vore "borte" i over 20 år, vart dei oppdaga heilt tilfeldig i 1994. Dei vart oppdaga i Amundsen sin lugar i skuta Fram, som han brukte til sørpolen i 1911.