Høyre

Fra Ikkepedia
Gå til: navigasjon, søk
Songen frå Jahn Teigen "Ein vonar no at vinden i frå høgre snart må snu" har vore mykje spelt i Høyrer Du

Denne artikkelen er om NRK-programmet "Høyrer du?" For retningen høyre, se høyre (retning).

Å Høyre er infinitivsforma av "Høyrer Du?", eit vidkjend NRK-program frå lokalavdelinga i Ivar Aasen si heimbygd Deringenskulletru. Programleiar Erna Solberg fekk ein fredagskveld i 1912 nok røyster via sms til å tuftast som leiar i enno nokre år, og ein kan framleis nyte hennar vidd kvar einaste fredagskveld. NRK på si side seier at det er sjølvsagt ikkje grunn til å endre eit vinnande lag, og at soloalbumet hennar kan ventast til hausten.

Bakgrunn[rediger]

Programmet vart opprinneleg laga i protest mot protestbylgjene på 1800-tallet, og Solberg må reknast som eit godt parti sjølv om ho er gift. Ho er fødd i Bergen, noko som innleiingsvis var eit problem for TV-sjåarane. Ho har difor dei seinare år vorte dubba av Dorthe Skappel, som på klingande austlandsk leier oss alle Noreg rundt til vidskjermbileta av Erna.

Utrøysting[rediger]

Annankvar haust er det alltid like spanande då publikum kan røyste ho ut av heile kanalen, og Siv Jensen har i fleire år ytra ynskje om å ta over stolen hennar sjølv om den er for stor. Jensen meiner ein må ta dei eldre på alvor, og lover å gjere opp til fleire gamle til kjendisar.

Underhaldningens tvekamp[rediger]

Erna har sans for underhaldning, og det strøymer på med morosame idéar. Dei når ikkje heilt opp til Siv Jensen sine programidear, men kritiske røyster meiner at dette er Siv Jensen aleine om å meine. Erna har vunne mykje på å vere morosam på andre sin bekostning, medan Siv meir har ein hang til å tøyse med heilt vanlege folk.

Programkonsept[rediger]

Heile ideen til programmet byggjer på å samle meiningsmotfeller rundt eit bord og få dei til å krangle så mykje som mogleg. Ein får poeng for å avbryte dei andre, for å kome med morosame tilnamn på dei andre, og for å kome med løgnaktige småvitsar om dei andre. Derimot tapar ein poeng om ein vert avbroten eller vert gjort narr av. Til slutt får dei alle poeng etter kor mange som har sendt inn sms og røysta på dei, og det heile vert rekna ut i prosent. Erna er særs god til prosentrekning avdi ho tok kveldskurs i rekneskap då ho vart tilsett av NRK, og avdi ho tross alt er oppvaksen i byen det reknar mest i.



Norske partier du ikke vil stemme på (selv om du er gammel nok), fra venstre til høyre

Venstre | Kristelig Folkeparti | Unge Høyre | AKP | Rødt | RV | Arbeiderpartiet | Norsk kommunist-parti| AUF | Fremskrittspartiet | Renskrittspartiet | Hitlerjugend | Natur og ungdom | Anders Langes Parti | Martin Kortes Parti | Det Liberale Folkepartiet | Pensjonistpartiets Ungdom | Sosialistisk ungdom | Rød Ungdom | NRK | Pensjonistpartiet | Unge Venstre | Ottar | SV | Senterpartiet | Senterungdommen | Sosialistisk høyreparti | Det Norske Damp Partiet | Demokratene | Sofademokratene | Kystpartiet | Piratpartiet | Andre | Miljøpartiet De Grønne | Høyre