Hattifnatt
Fra Ikkepedia
| Hattifnatt | |
|---|---|
![]() Ei gruppe 5-fingra hattifnattar | |
| Vitenskapelig(e) navn: | Hattus Fnattus |
| Norsk(e) navn: | Hattifnatt |
| Hører til: | Ingen |
| Antall arter: | 3 |
| Habitat: | I pelsen på mammutar |
| Utbredelse: | Kun på Rogdo |
| Delgrupper: |
|
Hattifnatt er eit eksotisk dyr som kun held til i traktene rundt Rogdo. Der bur dei i lag med mammutar. Uten Hattifnattar hadde ikkje mammutane vore så talrike som dei er på Rogdo. Hattifnattane heng seg fast på mammutane, og rensar dei for dødsfarlige bakteriar, som forøverig er hattifnattanes hovedføde. Hattifnattane hadde heller ikkje overlevd utan mammutar. Om natta, når det er kaldt, så gjøymer Hattifnattane seg under mammutane for å halda varmen, ettersom hattifnattane ikkje har egen pels. Alle veit at hattifnattane produserar straum, men Rogdingane har så langt ikkje funne ut korleis dei kan utnytta denne ressursen.
[rediger] Utsjåande
Ein hattifnatt er høg og slank. Den er cirka 1,5 meter høg og cirka 50 centimeter rundt. Dei er kvite med litt gult nederst på det som forestiller føtter. På kvar side av kroppen har dei 5-10 fingrar stikkande rett ut frå sideflesket. Det finns tre typar hattifnattar. Det er dei 5-fingra, 7-fingra og dei 10-fingra hattifnattane. Det kan forekomma hattifnattar med 6, 8 eller 9 fingrar, men desse vert som regel utstøtt frå resten av flokken så vanskapheite ikkje kan spre seg vidare, eller dei vert steina i hjel. Under ekstreme forhold kan det oppstå hattifnattar med 4 fingrar på kvar sida, men det er uhyre sjeldent. Dei hattifnattane overleve vanligvis ikkje gjennom den første vinteren, ettersom dei andre hattifnattane ete dei opp. Enkelte hevdar å ha sett ei gruppe hattifnatter med en liten Pjong på hovudet. Ingen har desverre fotografert ein levande hattifnatt, men nokre av augevitnene har laga ei fantomteikning av desse merkverdige skapningane. Hattifnattane står for opptil 10 % av alle dødsfall på Rogdo!
[rediger] Ellers...
Hattifnattane transporterar seg sjølv rundt i små sivbåtar. (Det er uklart korleis dei klarar å halda årene). Restar av desse båtane er funnen heilt nede ved fjorden 1500 meter nedforbi Rogdo. Når hattifnattane er mette på dødsfarlige bakteriar står dei på steinar (helst med mose på) og sveier i takt med vinden, mens dei lagar rare lydar som ikkje går an å illustrera ved hjelp av skrift. Lyden kan minna om sånne snurreting som aborginarane i Australia svingar rundt over hovudet.
| Mummitroll og andre misfostre: |
| · Mummitrollet · Mummimamma · Mummipappa · Mummidalen · Sniff (Poet) · Snusmumrikken (friluftssnuser) · Hemulen · Hufsa · Hattifnatt · Snorkfrøken · Lille My
Er du totalt senil og ute av stand til å orientere deg om tingenes tilstand, må du absolutt få med deg Wikipedias side om Mummitrollet! |
Kategorier: Mummi | Dyr


