Ikkenytt:MacGyver aktuell med plateinnspeling
Fra Ikkepedia
|
IkkeNytt: Den beste norske nyhetskilden på nett. |
| Til informasjon: du leste denne nyheten 21. mars 2010 nøyaktig klokka 22:25 |
31 mars 2009
Nokre år i etterkant av den store suksessen han hadde med serien sin, er MacGyver no aktuell med nytt album. Han signerte platekontrakt med Kjell Åge Records februar i år, og plata skal etter planen bli gitt ut i slutten av mai. Utgivinga blir møtt med skyhøge forventingar, ikkje minst sidan MacGyver speler samtlege instrumenter sjølv, inkludert viggofon, harpeorgel og gaffagitar. Han er tilbakehalden med informasjon, men ryktene skal ha det til at plata skal heite "The Magic of Gaffa". Plata kjem til å bli gitt ut i mange eksemplarer, men dersom du er heldig, kan du få tak i ein spesialutgåve, sat saman av MacGyver sjølv ved hjelp av gaffateip, hyssing og litt raudmaling.
MacGyver er sjølv svært entusiastisk og seier i ein uttaling til Ikkenytt: "They say it's a long way to the top. Well, it's not. All you need is some twine, a battery and some gaffa."
Plateinntektene går til Støtteforeininga for Utstøtte Kenguruflokkar.
Det er ikkje første gong MacGyver viser musikalske ferdigheiter. Eit lite tilbakeblikk viser ein svært talentfull og lovande MacGyver.
[rediger] Kjelder
MacGyver
Mario
Tilbake til Ikkenytts forside