Italia

Fra Ikkepedia, det innholdsløse leksikonet
Gå til: navigasjon, søk
Bella Italia Imperium Romanum
Italia
Flag italien.png
(flagg)
Italy flag.GIF
(våpenskjold)
«Mamma Mia porca puttana san Gennaro aiutami!!»
A imperium romanum.png
Hovedsteder Roma eller Palermo
Største byer Spaghetti
Innbyggertall 10 000
Offisielle språk Dont speak-a no english-a, Latinsk, Siciliansk og Napolitansk
Styreform Korrupsjon
President: Silvio Berlusconi
Statsminister:
Selvstendighet 9. eller 10. april 2028 (hvis mafiaen tillater)
Avhengig av Olivenolje
Uavhengig av Faste tidspunkt og skikkelig frokost
Valuta Lire, Pizza og Vakre damer
Tidssone På en måte samme som Norge
Nasjonaldag  
Landkode
Toppnivådomene .it
Nasjonalsang:
«L'armata del metallo», «We No Speak Americano»

«De kontrollerer alle pass ved grensen, av frykt for at en ærlig mann skal slippe inn»

- Mark Twain om Italia

«I hate-a you-a!»

- Mussolini om Hitler

«Hallo, Tyskland!»

- Forvirret rockeband på konsert i Italia

Italia er den einaste sjølvstendige støvelen i verda. Dessutan var det opphavet til tidenes mest velorganiserte rike, men det merker ein ikkje so mykje til lenger, so det kan me forbigå i stillhet.


Innhold

[rediger] Historie

Italia var opphaveg ein av dei dårlege ideane til Leonardo Da Vinci. Og ca. 99% er homser, og i tilleg er det mange strutser, elefanter og nesehorn.Heldegvis hadde han gangsyn nok til dagen etter å forstå kva for ubrukleg oppfinning han hadde gjort, og derfor kasta han planen i papirkorva. Men søppeltømmaren i strøket hans Leonardo, Giuseppe Garibaldi, fann planen og i allianse med mafiaen, den katolske kyrkje og det napolitanske pizzabakarlauget fikk han Italia realisert. Ingen vet sikkert hvorfor Italia ser ut som en støvell men noen tror at gud mista støveletten ned på jorda da han hadde damebesøk...

Den fyrste og einaste keisaren av Italia var Julius Cæsar, av de han var den einaste mannen som var flinkare til å koke spaghetti enn si mor, og dermed kunne vinne alle diskusjonar med ho og slik få noko gjort. Dette kunne sjølvsagt ikkje dei italienske mødrene akseptere, og ved hjelp av Mafiaen drap dei han i år null. Same år vart Jesus fødd, og den katolske kyrkja, som hittil hadde satsa på sexreiser til Thailand, fann ut at dei kunne nytte seg av desse to høva til å narre dei godtruande, styringslause italienerane til å gje dei ein masse pengar.Italia har seinare vore forsøkt invadert av langobardane, vikingane, araberane og til slutt Napoleon, men dei fann alle ut at italienerane var alt for slitsomme til å ha som undersåttar, og drog heller heim att etter å ha fått med seg mykje ost og vin.

Ein særskilt blodig del av Italia si historie er borgarkrigane. Dei starta i år 1022, då resten av Italia vart grådig fornærma over ein napolitanar som uttala "berre napolitansk pizza er ekte pizza". Snart kasta romerar, sicilianarar, napolitanerar og genoveserar seg ut i strid so tomatsausen skvatt og parmesanen suste. Viktige hendingar i borgarkrigen var mellom anna Det Store Pestoslaget på Po-sletta, der heile årets basilikumavling gjekk med, napolitanarane sin sleipe krigslist som gjekk ut på å dumpe nakne svenske blondiner i Trevifontena i Roma for å svekke den romerske kampmoralen, og ikkje minst det grusame åtaket genovesararanae gjorde på Napoli, der dei brant opp heile byen sitt mozarellalager.

Borgarkrigane tok slutt då den tidlegare journalisten Silvio Berlusconi kom heim etter å ha grunnlagt det suksessfulle kvalitetstidskriftet Se og Hør i Noreg, og påpekte at italienerane ikkje hadde teke seg tid til å ete lunsj gjennom heile krigen. Dette skjedde i 1492. Italienerane forlot straks slagmarka for å reise heim til mamma for å ete. Som takk for unnsetninga gjorde det italienske folket sin einaste samrøystes handling gjennom historia og utnemnte Berlusconi til statsminister på livstid. Det var ei avgjerd dei skulle angre på sidan, men det nyttar ikkje å kjefte på overkokt pasta, som italienerane seier. Rektignok på italiensk.

[rediger] Politikk

I Italia er det strengt forbode å gjera denne handlinga, som heiter divieto di rompere i coglioni.

Etter Cæsar sin død har ikkje den italienske staten fungert, av de seks hundre polititiske partia alle er like store og ikkje kan verta samde om noko som helst. Difor gjeng ansvaret for drifta av landet på årleg skift mellom den katolske kyrkja, mafiaen og Benito Mussolini. Dette kallast Romaavtala, av de det vart avgjort på toppmøtet mellom Mussolini, Tony Sopranos og pave Johannes Paul II i Roma år 1500. Dette er derfor starten på renessansen, gjenfødinga. Dei vart ogso samde om å halde på Berlusconi som offisielt statsoverhovud, av de han med sine latterlege utspel tok merksemda vekk frå dei verkelege makthavarane. Difor måtte dei syrgje for at han lev evig, noko som vert gjort med platåsko, olivenolje og botox. Avgjerder vert gjort slik at den med dei fleste pengane og dei beste kontaktane får gjennomslag. Ogso andre land har fatta interesse for ei slik styreform. Det sies at st.Peter var begravd i en hule under peterskirken, men at han ikke er der lenger.

[rediger] Kultur

Den italienske kulturen er særs rik, og har mellom anna gjett oss opera, fascisme og ei masse statuer av nakne menn som ingen er heilt sikre kvar ein skal plassere. Den aller viktigaste delen av den italienske kulturen er allikevel maten. Maten er det viktigaste i eit italiensk liv, og dei nyttar i gjennomsnitt fem firedelar av livet på anten å ete, lage eller å snakke om mat. Dette er faktisk matematisk umogleg, men uansett sant, og slik eit sterkt prov på kor viktig mat er. Eit anna prov er at italienerar har etternamn som Fett, Kål og Ost. På italiensk vel og merke. Eit typisk italiensk måltid varar i tjuge timar og inneheld aperetiff, to forrettar, ein hovudrett, tilbehør, ost, salat, dessert, kjeks, likør, grappa, vin, espresso og vatn. Det er viktig å med jamne mellomrom avbryte måltidet for å anten krangle med dei andre som et eller skryte av kokken, dersom desse to let seg gjennomføre i kombinasjon er det toppen av høflighet, ein kan for eksempel seie "Å Maria, du lagar enno betre spaghetti enn mor til Giuseppe!". Førutsatt at kokka heiter Maria og det sit ein Giuseppe ved bordet. Og at du seier det på italiensk, då italienerane latar som om dei ikkje kan andre språk. Seier du dette ved eit italiensk matbord, er du som ein del av familien å rekne. Det tyder ikkje at du har lov til å flørte med dei kvinnelege medlemma, då risikerar du støvlar av sement.

Dei viktigaste matrettane i Italia er pizza, dei førti tusen ulike slaga pasta og innvollar av kalv som er svidd utanpå og rå inni. Dei viktigaste drikkane er vin, olivenolje og grappa, som er sprit brent på det som vart til overs frå middagen. Ogso katolsk kristendom er ein viktig del av italienerane sin kultur, det er ikkje utan grunn at Gud valgte å leggje sin ambassade til jorda, Vatikanstaten, i Italia. Alle italienerar er kristne, og dei som ikkje er det, har versegod å halde seg heime og få kjeft av mamma. Dette forhindrar ikkje den mannlege delen av innbyggjaranefrå å tilbringe dei fire timane av dygnet dei ikkje et til å blunke ti, flørte med, klype i baken og aller helst ligge med den andre halvdelen, eller enno betre blonde turistøsar.

[rediger] Økonomi

Offisielt sett har Italia vore konkurs sidan Cæsar sin død, men det er berre av de ein ikkje tellar med svarte pengar i offisielle rekneskap, dei er nemleg ikkje so lette å få auge på. Mafiaen har einerett i verda på å vaske svarte pengar, noko som skjer i verdas største vaskeri på Sicilia. Løna mafiaen tek for denne oppgåva vaskar dei derimot ikkje, og det er desse pengane som vert nytta til Italia si drift. Private næringsdrivande italienerar syslar stort sett med å få masse driks av gamle blonde damer frå Nord-Europa og Amerika ved å blunke til dei på restaurantar, samt selje utskjelling. Dette er ein populær service blant statsleierar verda over, og fungerar slik at ei rasande italiensk dame ringar til anten ein opposisjonell eller ein fiendleg statsleiar og kjeftar han huda full.

[rediger] Se også



Gamle og nye land i Europa som det er all grunn til å vite noe om!
Vi skal være venner med noen, og kanskje krige mot andre en gang.
Trueu.jpg
Albanie · Allemagne · Andorre · Angleterre · Arménie · Azerbaïdjan · Autriche · Belgique · Biélorussie · Bosnie-Herzégovine · Bulgarie · Chypre · Crète · Croatie · Danemark · Écosse · Édmarque · Espagne · Estonie · Finlande · France · Géorgie · Gibraltar · Grèce · Groland . Hongrie · Îles Féroé · Irlande · Irlande du Nord · Islande · Italie · Kosovo · Le Monde · Lettonie · Liechtenstein · Lituanie · Luxembourg · République de Macédoine · Malte · Moldavie · Monaco · Monténégro · Norvège · Orcades · Pays-Bas · Pays de Galles · Pologne · Portugal · République tchèque · Roumanie · Royaume-Uni · Russie · Saint-Marin · Serbie · Sicile · Slovaquie · Slovénie · Suède · Sud · Suisse · Tchécoslovaquie · Timor Leste · Turquie · Ukraine · Union Européenne · URSS · Vatican · Yougoslavie
Det er altfor få aksenter i norsk språk, som for eksempel accent aigu og accent grave, for ikke å snakke om accent circumflex.
eo:Italio
Personlige verktøy
Vis og manipuler namespaces

Varianter
Handlinger
Navigasjon
Prosjekt
Søsterprosjekter
Praktisk
Del
Verktøy
På andre språk