Livet
Fra Ikkepedia
Livet 1.0 er eit popolært rollespel som alle kan spela som vart utvikla rundt om 4200 år før Jesus kom til verda. Utviklaren var Gud. Spelet er desverre sabotert og det er ein alvorleg stor "bug" i det.
Innhold |
[rediger] Tanken bak spelet
Tanken bak spelet var at alle som ville kunne få spela. Det skulle gå ut på å klara seg best i verden, ved å dyrka si eiga jord og byggja seg hus. Det begynte nokså bra. Nokre par tusen år såg alt ut til å gå etter planen. Alle spelte og var glade. Folk kunne gå utav spelet når dei ville. Folk koste seg. Det kosta berre 1 brød i månaden å spela "Livet", og det syntes folk var billig. Ein kunne jo berre begynna på nytt om noko gjekk gale. Spelet vart meir og meir utvikla. Hjulet vart oppfunnen og nokre romvesen frå det ytre rom kom på besøk og bygde pyramidane i Hardanger. Folk vart meir og meir oppfinnsomme og utviklinga gjekk fortare og fortare. Ting endra seg og det var ikkje om å gjera å dyrka den beste jorda eller byggja det beste huset. Spelarane begynte å konkurrera annleis om andre ting, som å håva inn mest peng, selga aksjane i rett tid og i å få dei beste kontraktane.
[rediger] "Bug" i spelet
Omkring år 1735 etter at han du veit vart fødd, var det ein smarting ved navn Murdoc som klarte å hacke seg inn i programmvaren til Gud. Murdoc gjorde rollespelet "Livet" totalt annleis. Han gjorde sånn at det ikkje gjekk an å komma ut av "Livet" igjen. Folk flest i "Livet" vart meir og meir ondskapsfulle og folk begynte å leika sjefar. Det vart forskjell blant folk og nokre vart ekstremt rike, mens andre vart fattige. Og det gjekk ikkje an å begynna på nytt før ein døydde. Folk vart rasande og begynte å spela andre rollespel som 2Moons, WOW og Silkroad.
[rediger] Problemet snart løyst
Gud jobbar på med å fiksa problemet. Han har innkalt dei beste datatekninkarane til å komma med ei løysning. Dei har til no ikkje funne noko løysning, så framtida ser dyster ut. Sånn som det ser ut no, må heile "Livet" restartast. Gud beklagar til alle brukarane. At "Livet" vert restarta medføre desverre at alt som har skjedd etter år 4200 før Han vart fødd vil verta sletta. Alt vil begynna på nytt, og Murdoc si IP-adresse vil verta blokkert.

