Møre folkehøgskole

Fra Ikkepedia
Hopp til: navigasjon, søk

Møre folkehøgskole er ein prestisjetung skule som ligger i Ørsta, ikkje langt frå Volda. Elevane lærer blant anna å lage film, prate framande tungemål og knytte skolissene sine. Siste fordi dei av og til blir tvinga ut på umenneskelege fjellturar som berre nokon få overlever (seriøst!). Siste turen som skulle gå til Antarktis blei dessverre til lærarens store skuffelse avlyst på grunn av for lite snø og for mykje smelting. Dessuten var elevane lite lystne på å gå i fotspora til vår store nasjonalfar Roald Amundsen & co. Men tross alt, det skjer mykje anna også på denne skulen. Elevane lærer å tilbe Ivar Aasen, for eksempel ved å bere ut eit lite offer til statua av han i den vesle parken i Ørsta sentrum (eller det næraste Ørsta er å kome ein park). Dessuten å korrigere kvarandres talemål, eller rettare sagt, vatne ut dialektane til ein vissen graut av samnorsk. Det er óg laga ein del framragande filmar ved denne skulen, blant anna ein framragande tysk julefilmklassikar som har fått gjeve prisar i inn og utland tross ingen eigentleg veit kva den filmen handlar om. Også ein del innanfor sjangeren kinesisk-japansk anime-klisje (lyder fint å seie det på den måten), sjølsagt den mest populære sjangaren ved skulen.

Ein viktig lærdom som mange lærer etter eit år på denne skulen, er at man ikkje skal vise fram skosålen sin til framande, sidan det i visse kulturar me vanlegvis ikkje liker å samanlikne oss med reknast som ei grov fornærming.