Mandarin

Fra Ikkepedia
Gå til: navigasjon, søk

Mandarin [Mandari:n]

denne artikkelen hadde trengt et bilde, vent litt jeg skal finne et kamera(vis jeg finner det).

1. Den kjipe minstesøstera til appelsina. Appelsina har si tid i sola heile året, men blir ofte degradert og skvist til juice; og lite glamorøst endar opp hos First Price. Klementinen er den irriterande søte og elskverdige lillesøstera til appelsina. På ferie 10 1/2 mnd i året, og nyter eit lukrativt juleliv. Dei fleste får gode vibbar av klementinen, noko som gjennom åra har fått minstemann (eller minstedama; det er problematisk å fastsetta kjønnet på citrusfrukt) til å bli ein bitter (men søt - for ein skjebnens ironi) frukt som måtte gi tapt for kapitalismens marknadskrefter, og lever eit liv i skyggen av sine eldre, så fordømt suksessrike, søsken.

I kloakken i Namibia (for det er der mandarinen bur, i ein liten storfelandsby kalla N'Chixjumahhpa) har mandarinen begynt å konspirera med andre og ondsinna citrusfrukt, som lime og grapefrukt for ein dag å komma tilbake og føkka opp jula.


2. Eit språk som vart danna i 1982 for å prøva å kommunisera med mandarinene, men dei var allerede så langt innblanda i lime og grapefrukt at dei ikkje lenger skjøna sitt eige språk. Ikkje snakka dei lime heller.