Ortografisk nedbør

Fra Ikkepedia

Gå til: navigasjon, søk

Ortografisk nedbør (av græsk, Rettskrivingsnedbør, må ikkje blandast med Orografisk nedbør) er ordet for eit heilt sert slag nedbør som er laga av ord, ordtøke og rettskrivingsreglar istadenfor vatn. Ortografisk nedbør skil seg òg frå annan nedbør av di han ikkje kjem frå skyane, men frå heilt andre kjeldor. Denne nedbøren er det serleg mykje av i ordskifte, men han kjem då yver deltakarane, ikkje yver saki. Det er ikkje mogleg å nytta paraply mot ortografisk nedbør, men forskarar er i gong med å finna upp ein slik.

Innhold

[rediger] Korleis ortografisk nedbør uppstår

Ortografisk nedbør kann koma frå alle som kann skriva, millom anna lærarar, foreldre, yverordna folk, kundar, grannar, fåmingar, vevrarar (nda. bloggere), poltikarar, deltakarar i ordskifte, folk som drikk mjølk, folk som ikkje vinn i lotto, folk som mistar ei halvvegs utlesen bok på hotell i Dar-es-Salaam, logofile folk, trikkeførarar som vert sparka for di dei køyrer gal linja, fiskarar som ikkje kann ganga til sak mot staten når dei mistar eit bein i bombesprenging i butikk i Bagdad og mange fleire... Dette hev sjølvsagt mange grunnar, men det er ikkje lett å finna ut kvi. Det ein veit er at ortografisk nedbør yver tid lagar hòl i hovudet på offera på same måte som syrenedbør.

[rediger] Dei ulike slagi

Det tri slag ortografisk nedbør som alle hev eigne sertrekk, upphav og mål.

[rediger] Ordortografisk nedbør

Ordortografisk nedbør. Stakkars den det kjem yver.

Ordortografisk nedbør er laga av ord og kjem frå tvo slag folk. Det eine slaget er alt anna en glade i rettskriving, i alle fall i den stundi. Sendarane vert ofte kalla sinna, skravlesjuke elder rasne og den ordortografiske nedbøren skjellar ofte ut mottakaren. Andre slaget er dei som elskar å babla og vrøvla um alt millom himmel og jord og som ein faen ikkje fær burt. I denne flokken finn vi serleg yverivrige lærarar, folk med IQ under 70 (mange av deim er bergensarar, blondinar og bokmålsfolk), fåmingar på MSN og dopa folk. Ordortografisk er det einaste slaget ortografisk nedbør som kan koma både skriftlig og um lag 89,43 % av all ortografisk nedbør er ordortografisk.

[rediger] Ordtøkeortografisk nedbør

Ordtøkeortografisk nedbør, noko ein berre halda seg burte frå!

Folki som elskar ordtøke finst yveralt og lagar ei stor mengd ordtøkeortografisk nedbør. Dette slaget kjem ofte, i likskap med yr, ofte når ein minst ventar det, men varer sjeldan lengre en nokre sekund. Um lag 5,76 % er ordtøkeortografisk nedbør.

[rediger] Rettskrivingsregelortografisk nedbør

Rettskrivingsortografisk nedbør, herleg plagsamt!

Rettskrivingsregelortografisk nedbør kjem frå målfolk og inneheld rettskrivingsreglar og rettingar på uttale- og grammatikkfeil. Um ein kjem i skade for å seia «Når eg drog» kjem alltid ein målekspert med rettskrivingsregelortografisk nedbør fylt med ord um kva du hev sagt galt og bablar i veg um kor ille målstoda er no til dags. Um lag 4,81 % av den ortografiske nedbøren er rettskrivingsregelortografisk.

Personlige verktøy
Del denne artikkelen