Paven

Fra Ikkepedia
Gå til: navigasjon, søk


«Vi har vår eigen pave»

- Kong Dave Daveson

«Eg er paven! Eg skal ha den størte kragen!»

- Pave Pavus IVI

«Gå alltid i andre sine gravferder, ellers vil ikkje dei kome i di»

- Pave Pavus XL, etter at han høyrde at stadig færre kjem i kyrkja

«Kyrkjestaten, det er meg.»

- Pave Pavus XIV

«Svar ikkje på brev frå ukjente»

- Visdomsordfrå pave Pavus

«Det er ikkje noko tevarmar! Det er hatten min!»

- Pave Pavus XXXVI til hoffservitrisa

«Han skylder meg en tier»

- Hitler

«Paven finnst ikkje»

- Hednisk doktor i kjernefysikk, kjernemekanik, kjemi, matematikk og psykologi frå Uranus

«Eg har ete paven ein gong!»

- Ein krabbeelskar

Pave er tittelen til den øvste presten av den katolske kyrkja. Han er ikkje berre prest, men òg ein slags konge, keisar eller ... pave om du vil, over ei gate og eit torg, der det stort sett bur menn med raude kjolar, som kallast småpavar. Den noverande paven er Benedikt XVI, som er den tredje paven som ikkje heiter Pavus.


Heim[rediger]

Paven bur nesten alltid i sitt eige land. Han bur saman med nokre av desse raudkledde småpavane i ei kyrkje, som vert kalla Peterskyrkja, som er verdas nest største kyrkje. Dei er dei einaste i verda som lev i ei kyrkje, sjølv om det er veldig mange prestar og biskoppar rundt om som ynskjer å bu i ei kyrkje. Mange prestar har i fleire hundre år prøvd å samle inn nok pengar til å byggje ei kyrkje å bu i.


Kjenneteikn[rediger]

Alle og einkvar kan sjå at paven er paven berre på kleda (meir utdjupande lengre ned). Han har ikkje så mange fleire kjenneteikn som kan sjåast frå meir enn 2,3 meter. Men han har pavenasen, pavestemmen, pavefingeravtrykket, paveskoa. Ikkje minst har han pavemobilen. Det er ein kvit (av alle fargar) litt lang, tilsynelatane open bil - men! Han er ikkje open, han er dekkt med ein glaskolbe - ein skotsikker kolbe. Inni der sit paven og pavar og peikar på folk utanfor kolben.

Klede[rediger]

Paven er stort sett kledd i pvavedrakta. Som er frå toppen: Ein luksuriøs tevarmar og ein kvit kjole med noko gull-gult mønster.

Men siste nummer av Popenews, eller Pavenytt, synar siste pavemote. Men eg les ikkje det. Det er flaut, les det sjølv viss du vil finne ut noko meir.

Popularitet[rediger]

Det er mange som dreg mange mil berre for å få paven i skodemål. For mange er det sjølve lukka...berre å sjå paven.


Historikk[rediger]

Den fyrste paven, Peter I, kjem frå dagens St. Petersburg. Han skal visstnok ha kjent ein som høyrde om ein som hadde sett ein som høyrde ryktar om nokon som ein gong hadde lese om ein som hadde sett Jesus ein gong han gjorde eit eller anna, og vart difor pave. Den neste paven hadde eit anna namn enn den fyrste, dette var litt for radikalt den gongen, men det fekk såvidt passere. Den fjerde paven, Pave Pavus IVI, kunne korkje telje, eller skrive romartal. Difor vart han Pavus IVI i staden for Pavus III. Dette skipla heile systemet.

Ein av dei fylgjande pavane som var den fyrste som faktisk utretta noko som pave, han innførde tevarmaren. Den gongen var han mørk raud - slik som kjolane til småpavane.

Paven etter gjorde peterkyrkja heilt ferdig, og kalla ho Pavuskyrkja. Men då han dævva, gjekk det att til Peterkyrkja.

Etter nokre pavar til kom det ein som heitte Geir. Korleis dette kom til, er det ingen som veit, og det kom overraskande på småpavane. Fleire av dei neste pavane jobba utelukkande med å hindre slike geirar i å verte pave. Det resulterte i dagens pave; pave Benedikt XVI. Han heiter heller ikkje Pavus... Vi får sjå kor dét går.

Paverekka[rediger]

Pave Peter I, den fyrste paven.

Pave Pavus I, namnet gav mykje gjenklang i Peterskyrkja, og skapte ein voldsom debatt.

Pave Pavus II, Ikkje noko spesielt med han her

Pave Pavus IVI (III), kunne ikkje telje, sette preg på nummereringa av dei neste pavane.

Pave Pavus XIV, "Kyrkjestaten, det er eg"

Pave Pavus VVI, han innførde tevarmaren. Eller var det han neste?

Pave Pavus X-2Y=4Z, døypte Peterskyrkja om til pavuskyrkja...

Endå ein Pavus, sette seg sjølv som biskopen av Roma, trass i at for at han hadde alt

Pave Pavus XXXVI, han vart skulda for at Geir vart pave

Geir

Pave Pavus WI, "Ingen fleire geirar!"

Pave Pavus, småpavane kom ut av teljinga, på grunn av at nokon gav den siste paven ein "w", så han fekk ikkje nummer.

Pave Pavus LX, det var han som oppdaga at vervet som pave òg innrbar å vere monark

Pave Pavus XL Den Feite

Pave Benedikt XVI, han er pave no. Ver norsk og tal han midt i mot.

Den neste paven, det har liksom ikkje skjedd noko med han her...

Andre pavetypar[rediger]

Somlepave

Juksepave

Lygepave

Skrytepave

Vinglepave

Paveinne, det finnst ikkje, men dette er jo Ikkepedia, så kven veit...

Mal:Konstruksjon

Annen bruk[rediger]

Se Paveeo:Papo