Skog

Fra Ikkepedia
Gå til: navigasjon, søk
Mange farlige rømte kuer kan du møta i skogen. Møøøøet du til meg …

Ein skog, òg kalt skau, består av tre på same måte som ei folkemengd består av menneske. Det kan ofte vera vanskelig å sjå skogen for berre tre. Skogen høyrer heime i område der nedbøren er større enn fordampinga.

Reint teknisk skildrar omgrepet skog altso ei samling tre, men i praksis kan òg andre plantar, sopp og dyr inngå som ein del av konseptet. Om ein hogger ned alle trea fjerrar ein i prakis skogen. Den største naturlige fienden til skogen er beveren. Denne råe skapningen hogger ned tre overalt utan lisens. Skog utgjer fleire prosent av arealet i Noreg. Det er i skogens natur å ta stor plass.

Skogen tenner bål for å halda varmen, ein kald vinterskveld i desember.

Skogvettreglar[rediger]

  1. Ikkje gå der det er grønt. Det veks sopp, du kan verta narkis eller ein gjørmekokk. Pass deg for kjøtetande elgar og hoggelgen. Høyrer du tygging, er det leggen din dei gneg på. Då er det best å gøyma seg bak ein kjøtetande plante til faren er over.
  2. Ikkje gå på stigane. Dei er farlige og dei går berre éin veg – bort frå heimen din. Ikkje et husa til andre enda om dei er laga av godteri.
  3. Ser du Bjørn Eidsvåg, ikkje lat deg lokka av honningstemmen hans. Haldt hendene føre øyro til han er borte.
  4. Har du valt å gå tur i skogen, kan du vera viss om at du snart er omringa av små, grøne menn som spør deg om koden for å koma vidare. Då har du gått for langt og militæret vil henta deg.

Skogstypar[rediger]

Lauv, furu, gran og sauer med kamuflasjeull … kategoriseringa av skog baserer seg på nøye studier og analysar av tresortane og mangfaldet i det aktuelle området. Dette kan vera ein vanskelig og tidkrevjande prosess. I alt er det om lag fire økosystem vi kan knyta til skog, men innanfor desse finst det samstundes mange undergrupper, det ein kan kalla for underskogar. Dei fire hovudtypane av skog er:

  • Regnskog som alltid er grøn og sprudlande
  • Regnskog som held ein passe temperatur
  • Lauvskog som er temperert og der trea misser blada sine
  • Barskog i nord, sokalla borale barskogar

Det er skogbrann om lag 10-15 gonger om året. Skogen er ein litt farlig stad å bu – ikkje bygg iet hus i skogen!! Grunnen til at det kan vera litt vanskelig å sjå skogen, er fordi alle trea er som regel i vegen.

Kjende skogsfortellingar:

  • Finn Willy
  • På ville veier
  • Rødhette

Innbygggjarar[rediger]

I skogen er det vanlig å verta bortførd i en lys-heis, men du har ikkje høyrt det frå meg!

Skogen huser mange slags dyr. Skogen er med andre ord heimen deira. I Noreg bur til dømes både elg (som ofte vert omtala som skogens kongle), bjørn, ulv, bever og ulike typar fuglar inne i granskauen. For ikkje so lenge sidan, fann ein forskar ut at òg ørsmå elefantgiraffar levde i skogen, men denne påstanden er avkrefta av dei uttalige andre forskarane i verda, og det held no fram ein atomkrig mellom desse sidan dei ikkje klarar å semjast.

Kjende skogar[rediger]