St.Petersburg
Fra Ikkepedia
«Har aldri vore der...»
«Er det terroristar eller kommunistar der?»
«Hø...?»
- Geir-Ivar Braklestad om St. Petersburg
«Dette vert for dumt»
- Ikkepedia om artikkelen om St. Petersburg
St. Petersburg er ein by i Sovjet-republikken Peter, som ligg i ytre Mongo-Lia. Byen er hovudstad, og har eit innbygjartal på omtrent veldig mykje.
Innhold |
[rediger] Kultur og geografi
Desse kategoriane skulle sjølvsakt ikkje vore lagt saman, men det er noko eg ikkje kan gjere noko med. Som skriven ligg St. Petersburg i Peter som er eit vått ørkenlandskap. Like utanfor byen er det ein sump som heiter Petrosumpen, eller som han heiter på petrisk: "Chompic eit Eller anna Petrus sumpus" kalla opp etter Peter XVIII (1263-1131)
Den einaste kulturen er den årlege "Peter-utstillinga" som finn stad éin til to gongar i året, når på året er avhengig av når Tsar Peter vil ha ho.Peter-utstillinga inneheld stort sett berre éin ting; nemleg at alle i byen samler seg om ein av statuane der og ser på han.
[rediger] Politikk
Det finnst ikkje noko politikk i denne delen av verda. Det einaste vi veit er at Tsar Peter XXXIV regjerer der. Etter seinare granskning synar det seg at det kan vere bittelitt politisk veksemd der. Det er funnen spor av politikarar og partilogoar. Om dette kan ha noko med politikk å gjere, er det sterk tvil om. Men som sagt, eller kanskje ikkje...så regjerer Peter XXXIV med apsolutt makt, så noko form for politikk utover det er strengt tatt ikkje nødvendig...
[rediger] Historie
Alt starta då Tsar Peter XXXIV ein dag for tusen år sidan ville ha ein by. Han byggde byen heilt på eiga hand i omlag 3 minutt, før nokre andre kom og tok over. Tsar Peter XXXIV har styrt byen heilt sidan då. Med eitt unntak i perioden 1837-1949, for då regjerte MacGyver einsam. Det var han som starta produksjonen av gaffa-teip og Real Sviss Lommekniv.
USA innvaderte landet som ein del av den 3. Koreakrigen, som ikkje skjedde i Korea, for å stoppe utvinninga og produksjonen av gaffa-teip. Den vart nemleg brukt av MacGyver-entusiastar til å lage bomber som vart kasta mot diverse mål i USA.
Peter, altså Sovjet-republikken, er for tida ikkje merka av på noko kart, dette kjem av at Sovjet ikkje eksisterar i særleg stor grad. Dette er ikkje noko lokalfolka ikkje veit noko om.
Byen har hatt namn som Petrograd, Leningrad, Breddegrad etc.. Dette var i landet sine demokratiske glansdagar, då namnet til byen vart vald for fire år i gongen. Kvart fjerde år var det to namn å velje mellom, båe desse var det Peter som valde.
Ting som straum og fjernsyn fekk dei først i 2046, i mai. Statskanalen deira heiter DKK (Dorsk Krigskniv-Kasting), som sender frå ei pappeske eit sted i Ouagadougou. Internettet vil aldri verte oppfunne, og på den måten vil ingen der finne ut av at Sovjet-unionen ikkje lengre eksisterar.
[rediger] Økonomi
Den petroanske økonomien baserer seg no på illegal gaffa- og falskmynt-produksjon. Før dette vart alle pengane brukt til å byggje Vinterpalasset. Det var nokså dyrt å frakte all snøen frå Peter sin koloni på Vestpolen. Desse pengane fekk dei ved å pante alle tomflasker som var i landet på den tiden.
Landets beste økonom er ein heilt tilfeldeg persom som veljast av økonomirådet, der Peter XXXIV, Peter og Peter pluss eit par andre er medlem. Det veljast éin for kvar månad. Spesielt, med sant.
[rediger] Regentsrekka
Tsar Peter XXXIV
Tsar Peter I, Primus
Tsar Peter II, Scekunda
Tsar Peter XVIII (berre på deltid)
Tsar Peter XXXVI
Tsar Peter XXXIV
Tsar Peter XXXIV
Tsar Peter XYXVII
Tsar Peter VXI
Tsar Peter WX
Tsar Peter 2x+y=5xy
Tsar Peter XXXIV
Geir VVVX
Tsar Peter XXIV
Tsar Peter VII
Tsar Peter IX
Tsar Peter XXXXXXXXXXV
Tsar Peter XXXIV
Tsar Peter XVII
Tsar Peter XXVIII
Tsar Peter XXXIII
Tsar Peter XXXIV
Pluss MacGyver som vikar i ein og anna periode.
--Morten 20. sep 2008 kl. 22:26 (UTC)




