T

Fra Ikkepedia

Gå til: navigasjon, søk

Vi er ganske sikre på at du ikkje hadde ᐊᑯᑭᑦᑐᑦ i tankane da du kom hit!

«Kvifor er sju redd åtte? Fordi sju - åtͭ - ni!»

- Vits som ikkje har noko med artikkelen å gjere
Dette er ein typisk T

T er eit religiøs symbol for spiker og fram til no eit ukjent romartal for 9 000 000 000. T liknar ofte på kinesiske 丁, men dei må ikkje forvekslast.

[rediger] Historikk

«T» oppstod 26. mai 1980 f.buddha. i England og har sidan den gong levd i Oslofjorden. Først i år 0 tok ein romersk fiskar opp T med fiskestanga si og tok den med tilbake til Rom. Han vart tatt godt i mot og vart krona til det største romartalet, 9 000 000 000. Den elles einaste kjelda til T er eit gamalt brev til MacGyver. I det MacGyver fekk brevet, satt han fast i eit ventilasjonsanlegg. Han sa at han kunne kome seg ut ved hjelp av plumbo og Hubba Bubba, men det gjekk ikkje, så han etsa bort. I kjent Harry Potter-stil hadde han ein kopi av seg sjølv i boka han også hadde gjømt brevet med T-en i. T-en og boka danna ein kjemisk reaksjon og ein ny MacGyver og ein ny bokstav, T-en, var skapt. Etter denne traumatiske hendinga, vart MacGyver så skada mentalt, at det ikkje vart fleire episodar og serien vart selt til ARK. Det øydela serien fullstendig, så klart.

[rediger] Ord med T

Bokstaven T vert brukt i mange ord, deriblant trøndersk, Trondheim, tranebær, Trude, tryne, dritt, taklampe, Trysil, truserøsk, trampolinesprett, tunnelkompleks, trappevaskarar, trasig, nitrogenlaus, natriumkaliumtartrat, elektronikklinjestudent, treningsteknikkassistent, sputnik-sjokk og tidsstoppingsapparatreparatørstudentutdanningsdirektorat. Ord som ikkje inneheld T er mellom anna: jegersesongpassseljar, klokkerepareringsmann, oppvaskkum, uruguayansk, diaréfjernar, 中国 og anguniagaavoq.

Less Cowbell Denne artikkelen trenger mer kubjelle.

Den har et stort potensiale, men mangler en ordentlig rytmeholder!

Du kan hjelpe ved å legge til mer kubjelle.

Personlige verktøy
Del denne artikkelen