Uranus

Fra Ikkepedia
Gå til: navigasjon, søk
Ruccola.jpg
… og litt ruccola på toppen!

Alt skal ha litt ruccola på toppen no for tida!
Ruccola piffar opp kvar artikkel med den
spanande smaken og friske fargen sin! Les meir!
Ruccola.gif


Uranistan
Uranus
Uranus har ikke flagg Uranus har ikke våpenskjold
«Uran til verda!»
Hovedsteder Aktinid
Største byer Aktinid
Innbyggertall Radioaktive
Offisielle språk Uransk
Styreform Kjernefysisk uranokrati
Uranium: Ernest Rutherford
MacGyver: MacGyver
Selvstendighet 1944
Avhengig av Iran, MacGyver
Uavhengig av Nagasaki, Hiroshima
Valuta 1 Uran=2 Palladium
Tidssone GMT+92
Nasjonaldag 16. juli
Landkode BOM
Toppnivådomene Atombomba
Nasjonalsang:
«Vyrd vera Einstein!»

«Viss alle land i verda har atomvåpen vil ingen tore å bruke dei! Genialt!»

- Ein atomforskar frå Uranus

«Alt kan løysast med atom.»

- Ein kjernefysisk atomfilosof frå Uranus

«Iranus? Endå eit terroristland? Er det olje der?»

- George W Bush om Uranus

«Pokker, den delen gløymde eg...»

- Gud om Uranus

«Dét finnst ikkje!»

- Egil Olsen om Uranus


Uranus er eit land som som regel ligg på eit eller anna kontinent. Det er det einaste landet i verda som har vorte starta, og det skjedde i 1944.

Historie

Ifylgje dei sjølve er heile den fjerne historia skriva ned i dei fire eller fem uranbøkene. Det første Uranium-testamentet, som stend i den fyrste Uranboka og er dimed starten på historia, startar slik: "Detjikalojnehgwiojjwwwikkjepedianojidnjmortendfghjkerbesthahakolngerkdjicj" eller på noregsk: "Det skjedde i dei dagar, for fleire millionar splittingar sidan, då tvo urankjernor trefte kvarandre [2] og skapte Uranus og alle dei som bur der". (1. Uranbok 1, 1-2)

Om dette er sant er det ingen som veit, men alle som bur der no, trur det. Det eldste sikre teiknet vi har av dette landet er det ingen som veit kva er, men det er frå 1742.

Det var i dette landet at det fyrste vellukka fisjonseksprimentet skjedde i 1835, altso før me i resten av verda visste kva fisjon var for noko. Frå då av freista dei å få saman dei to atoma att, og det greidde dei i den fyrste kontrollerte atomfusjonen nokon gong. Dette vart utført av ein som vil ha namnet sitt her aleine, men det var eignetleg omtrent 2482 forskarar som jobba med saka, mellom anna MacGyver som var omtrent 1000 av dei. Landet har vore tekonlogisk overlegent resten av verda sidan då. Allereie i 1912 greidde den framste vitskapsmannen i landet, Wernher von Braun, å framkalle ein longdistanserakett. Den fyrste raketten heitte naturleg nok A1, og var ikkje noko serleg. Han arbeidde vidare med rakettar og er med di skuld i mykje av det som hente i tida etter 1912, til dømes at Titanic sokk, krakket i 1929, og det var mest truleg ein S3-rakett som trefte Riktagen i Berlin 1933. Ti år seinare var han komen til U2-raketten og skulle take fatt på ein ny ein, før han gjorde det gjekk han over til tysk side i krigen. Mange meiner han gjorde det berre fordi Ernest Rutherford -som saman med Braun var dei framste i startinga av landet- gjekk til USA. For Tyskland laga han rakettane V1 og V2 i 1944. Tykland hadde ikkje same teknologien som Uranus, og resultatet var deretter.

Landet har vore med i fleire krigar, og ikkje vunne alle av dei. På sirka 4,5 millionar år har landet halvert seg kraftig. Dei har teke del i mellom anna den 3. Koreakrigen, der dei ikkje visste kva side dei var på, den 1.-13. Urankrigen (Dei tretten borgarkrigane- som hovudsakleg har dreidd seg om kven av Wernher von Braun eller Ernest Rutherford som skal regjere), den kalde krigen, atomkrigen, slankekrigen og ikkje minst: Krigen.

Geografi

Kvar landet ligg, er det ikkje mange som veit, mellom anna eg. Fleire domenelause Internettsider skriv at det ligg ikkje langt frå Mongo-Lia, men det skriv vi ikkje her.

Landet inneheld, for å vere nøyaktig, omtrent 98,97542965428 % av verdas uranresursser. Gangar du det talet med ti, vil du få kor mange promille av verda sine uranresursser som ligg innanfor Uranus' grenser.

Diplomati

Landet har sterke uoffesielle samband med Iran, men dette er U(!)offesiellt! Ikkje sei det i til nokon - eg kan få sparken. Det som er bekymringsverdig er at Iran og Uran...us ikkje tydar "Uran til verda!" likt. Iran meiner detonert uran, medan Uranus - som laga mottoet - meiner å selge uran "til verda". Vi får sjå kor dét går.

Kultur

Vel, kultur og kultur. Dei har jo dei årlege Radio-aktiv dagane, som vert arrangert mellom ein dato og ein annan. Dette er ei feiring av noko som alle har gløymd - diverre.

Økonomi

All økonomisk verksemd handlar om utvinninga av uran. Det eksporterar veldig mykje uran til Iran, utan at verda veit det. Dei eksporterar uran til andre land òg, til dømes India, Mongo-Lia, Sovjet, St.Petersburg, Vest-Korea, Neptun, Nicaragua og Danmark.

Landet importerar lite, men noko. Mellom anna kapitalistar frå USA, radioaktive folk frå Ukraina og folk som veit kvar Dave er frå Dave.

Det internasjonale atomenergibyrådet!

Dei kjenner "heldigvis" ikkje til dette atomrike landet. (Det skulle vere vittig!)

Uranus på engelsk

I det engelske språket vert landet kalla Your Anus.

Kjelder

Denne artikkelen er basert på fakta.

Land i Asia
· Afghanistan · Armenië · Azerbeidzjan · Bahreïn · Bangladesh · Bhutan · Brunei · Cambodja · China · Cyprus · Filipijnen · Georgië · India · Indonesië · Irak · Iran · Israël · Japan · Jemen · Jordanië · Kazachstan · Kirgizië · Koeweit · Laos · Lengevekijstaan · Libanon · Maldiven · Maleisië · Mongolië · Myanmar · Nepal · Noord-Korea · Nynorge .Oezbekistan · Oman · Oost-Timor · Palestina · Pakistan · Qatar · Rusland · Saoedi-Arabië · Singapore · Sri Lanka · Syrië · Tadzjikistan · Taiwan · Thailand · Tibet · Torarnistan · Turkije · Turkmenistan · Verenigde Arabische Emiraten ·Viet Nam · Zuid-Korea ·
.


Gamle og nye land i Europa som det er all grunn til å vite noe om!
Vi skal være venner med noen, og kanskje krige mot andre en gang.
Trueu.jpg
Albanie · Allemagne · Andorre · Angleterre · Arménie · Azerbaïdjan · Autriche · Belgique · Biélorussie · Bosnie-Herzégovine · Bulgarie · Chypre · Crète · Croatie · Danemark · Dingdongsaker · Écosse · Édmarque · Espagne · Estonie · Finlande · France · Géorgie · Gibraltar · Grèce · Groland . Hongrie · Îles Féroé · Irlande · Irlande du Nord · Islande · Italie · Kosovo · Le Monde · Lettonie · Liechtenstein · Lituanie · Luxembourg · République de Macédoine · Malte · Moldavie · Monaco · Monténégro · Norvège · Orcades · Pays-Bas · Pays de Galles · Pologne · Portugal · République tchèque · Roumanie · Royaume-Uni · Russie · Saint-Marin · Serbie · Sicile · Slovaquie · Slovénie · Suède · Sud · Suisse · Tchécoslovaquie · Timor Leste · Turquie · Ukraine · Union Européenne · URSS · Vatican · Yougoslavie · Øya Sodor
Det er altfor få aksenter i norsk språk, som for eksempel accent aigu og accent grave, for ikke å snakke om accent circumflex.


Land i Afrika
Algerie · Angola · Benin · Botswana · Burkina Faso · Burundi · Djibouti · Egypt · Ekvatorial-Guinea · Elfenbenskysten · Eritrea · Etiopia · Gabon · Gambia · Ghana · Guinea · Guinea-Bissau · Kamerun · Kapp Verde · Kenya · Komorene · Kongo · Kongo-Brazzaville · Lesotho · Liberia · Libya · Madagaskar · Malawi · Mali · Marokko · Mauritania · Mauritius · Mosambik · Namibia · Niger · Nigeria · Rwanda · Senegal · Den sentralafrikanske republikk · Seychellene · Sierra Leone · Somalia · Sudan · Swaziland · Sør-Afrika · Sør-Sudan · São Tomé og Príncipe · Tanzania · Togo · Tsjad · Tunisia · Uganda · Zambia · Zimbabwe
.