Aure kommune

Fra Ikkepedia
Hopp til: navigasjon, søk

Aure er ein utbrytarkommune på Nordmøre i Møre og Romsdal som frå 1. januar 2006 blei sjølvstendig frå Tustna kommune. Aure kommune grensar til Hemne og Hitra i Trøndelag i aust, Kristiansund og Frei i vest og Tingvoll og Halsa i sør, medan Smøla ligg i nordvest, rett nordom Edøyfjorden.

Folk som kjem frå sjølve Aure, ekskludert Ertvågsøya blir kalla aurgjeldingar og målføret deira er kav aurgjeldsk. Folket som kjem frå tidlegare Stemshaug kommune blir kalla stemshaugingar, og dei snakkar ei undergruppe av kav aurgjeldsk som blir kalla avslepen aurgjeldsk når ein vil vera ekstra presis. Folk frå den tidlegare Tustna kommune blir kalla seigmenn og dialekten der er uforståeleg for ein aurgjelding.

Natur[rediger]

Topografi[rediger]

Øyar og holmar[rediger]

Fjell[rediger]

Vatn og tjørner[rediger]

Planteliv[rediger]

Kommunen har eit utdødd planteliv og etter det ein kjenner til, så har Aure få nemneverdige plantar att. Den einaste planta ein veit om er ænkarre.

Dyreliv[rediger]

Fuglar[rediger]

Aure kommune ligg i eit område med mykje gauk, hægre og gauder. Artane hekkar i området nedanfor Bergsfjellet, omegn Våg.

Hjortedyr[rediger]

I Aure kommune er det store stammar med både kronhjort og fersæhjort i tillegg til at det finst ein veksande stamme med elg. Aure har lenge vore ein av dei største hjortekommunane i Noreg. Tidleg på våren og sommaren kan ein sjå mykje hjort beitande ved festlokala rundt om kommunen. Det er ikkje uvanleg å sjå flokkar på fleire titals dyr.

Rovdyr[rediger]

Råne er det største bufaste rovdyret i Aure. Rånene samlar seg stort sett i flokk ved bensinstasjonen på Kjelklia. Faktisk har det vore snakk om skottpremie for å halde bestandene nede. Det har vore observert Djerv i kommunen, men dette er ikkje eit dyr som har fast tilhald der. Skabbreven har også fast tilhald i Aure og kan synast å ha auka i antal dei siste åra.

Elles finst det òg dyr som:

Historie[rediger]

Grunnlegging[rediger]

Aure kommune vart grunnlagd i det herrens år 936, då kong Herodes Falsk skulle på sjarkfiske oppe i Lofoten. Kraftig sidevind kom inn frå havet og den stakkars 10hk SABB-en greidde ikkje å frakte kongen framover. Kong Falsk måtte søkje ly, og la båten inn over det som i dag er kjent som Aursundet. Kongen gjekk tom for fossilt drivstoff, og vart då drivande ute i sundet. Ein lokal holebuar som var ute og kasta lasso på Aurtangen så den stakkars kongen som veiva med armane ute på fjorden. Holebuaren kasta lassoen etter kongen og fekk hekta lassoen rundt svinghjulet på SABB-en, og dimed varr kongen dregen inn mot land. Kona til holebuaren dreiv og steikte aure. Kongen fekk smaka og ropte ut: "Dettan va god aure du kje'ring!". Og frå den dagen vart alle holmane i omegn lagde under Aure, og kongen noterte Aure som kommune.

Kommunesamanslåing[rediger]

Aure vart lausriven frå Tustna den 1. januar 2006, etter ein lengre militærkonflikt ved Solskjell.

Folketalsutvikling[rediger]

Sidan lausrivinga i 2006 har folketallet dala kraftig, sidan innbyggjarane no har byrja å gå laus på kvarandre.

Næringsliv[rediger]

Alligatoroppdrett er hovedkjelda for all inntekt i Aure.

Samferdsel[rediger]

Dei fleste tek seg fram med nattbuss eller spark.

Ungdomsmiljø[rediger]

Ungdomsmiljøet i Aure er lite blomstrande. På Aure finst det to hovedrasar gutar og to hovedrasar jenter.

Gutar[rediger]

Dei motorintresserte[rediger]

Desse er ofte å finne på gardar omkring i bygdene. Denne rasen får (les: kjøper sjølv) sin fyrste moped omkring 13-årsalderen, og er å finne på vegen sidan. Du er ikkje kar nok om du ikkje har Xtreme88 eller liknande med 43+mm slaglengd. 28mm++ PWK er òg eit must. Denne rasen vert kjenneteikna ved å høyrast lenge før dei kjem. «Bråke mær ennj d går». Dette mottoet fylgjer med dei òg når dei får seg bil i 17-årsalderen. E34, E39, W123, W124 går det ofte i. Diesel og kappafjøre er òg must.

Dei «motorintresserte»[rediger]

Desse er i røynda kvisete fotball- eller skiintresserte som prøver å passe inn. Det går ikkje. Dei får (les: får) sin fyrste moped i 15-årsalderen, og held han orginal med blinklys og plombering (bil får dei på 18-årsdagen av pappa).

Dei spelegale[rediger]

Desse spelegale er i alle fall kvisete etter all strålinga frå PC-skjermen. Dei luktar òg veldig innestengt. Det går stort sett i CS:GO og FS13/15/17. Rasen her er sjeldan å sjå i dagslys.

Jenter[rediger]

Handballjentene[rediger]

Handballjentene er aldri heime i helgene, for då er dei på kamp.

Instachicks[rediger]

Instagram"babesen" vert kjenneteikna av å vera 14, men å oppføre seg som 20. Selfies på instagram med brennevinsflasker er òg mainstream. Alt skal på snap og insta, gjerne ""dritings"". Instachicks er utruleg flinke agentar, og agerer på kvar fest.

Gardsjenter[rediger]

Ein særs liten bestand med jenter som toler ein støyt finst òg. Desse drikk faktisk utan å agere. Skitt under neglene og fjøslukt var ingen problem for dei. Døyande rase.


Det kjære og langstrakte landet vårt har mange kommuner du aldri har hørt om.
Det er fortsatt altfor mange til å få plass i tabellen, så du får greie deg med dem som ligger i Møre og Romsdal.

Kommuner i Møre og Romsdal fylke

Aukra · Aure · Averøy · Eide · Fræna · Giske · Gjemnes · Halsa · Haram · Hareid · Herøy · Kristiansund · Midsund · Molde · Nesset · Norddal · Rauma · Sande · Sandøy · Skodje · Smøla · Stordal · Stranda · Sula · Sunndal · Surnadal · Sykkylven · Tingvoll · Ulstein · Vanylven · Vestnes · Volda · Ørskog · Ørsta · Ålesund
Dagens fylker:
Akershus · Aust-Agder · Buskerud · Finnmark · Hedmark · Hordaland · Møre og Romsdal · Nordland · Oppland · Oslo · Rogaland · Sogn og Fjordane · Telemark · Troms · Trøndelag · Vest-Agder · Vestfold · Østfold

Territorier:
Gokk · Kontinentalsokkelen · Jan Mayen · Svalbard

Tidligere fylker:
Bergen · Nord-Trøndelag · Sør-Trøndelag