Livet

Fra Ikkepedia
Hopp til: navigasjon, søk
Dette er den planlagte layouten til Livet 2.0 når Gud har restarta det.

Livet 1.0 er eit popolært rollespel som alle kan spela. Det vart utvikla rundt om 4200 år før Jesus kom til verda, og det var Gud som utvikla det. Spelet er desverre sabotert og det er ein alvorleg stor "bug" i det.

Tanken bak spelet[rediger]

Tanken bak spelet var at alle som ville, kunne få spela. Det skulle gå ut på å klara seg best i verden, ved å dyrka si eiga jord og byggja seg hus. Det byrja nokså bra. Nokre tusen år såg alt ut til å gå etter planen. Alle spelte og var glade. Folk kunne gå utav spelet når dei ville. Folk koste seg. Det kosta berre eitt brød i månaden å spela "Livet", og det syntes folk var billig. Ein kunne jo berre byrja på nytt om noko gjekk gale. Spelet vart meir og meir utvikla. Hjulet vart oppfunnen og nokre romvesen frå det ytre rom kom og vitja og bygde pyramidane i Hardanger. Folk vart meir og meir oppfinnsomme og utviklinga gjekk raskare og raskare. Ting endra seg og det var ikkje om å gjera å dyrka den beste jorda eller byggja det beste huset. Spelarane byrja å konkurrera annleis om andre ting, som å håva inn mest peng, selga aksjane i rett tid og i å få dei beste kontraktane.

"Bug" i spelet[rediger]

Omkring år 1735 etter at han du veit vart fødd, var det ein smarting ved navn Murdoc som klarte å hacke seg inn i programmvaren til Gud. Murdoc gjorde rollespelet "Livet" totalt annleis. Han gjorde sånn at det ikkje gjekk an å komma ut av "Livet" igjen. Folk flest i "Livet" vart meir og meir ondskapsfulle og folk byrja å leika sjefar. Det vart skilnad blant folk og nokre vart ekstremt rike, medan andre vart fattige. Og det gjekk ikkje an å byrja på nytt før ein døydde. Folk vart rasande og byrja å spela andre rollespel som 2Moons, WOW og Silkroad.

Problemet snart løyst[rediger]

Gud jobbar på med å fiksa problemet. Han har innkalt dei beste datatekninkarane til å komma med ei løysning. Dei har til no ikkje funne noka løysning, så framtida ser dyster ut. Sånn som det ser ut no, må heile "Livet" restartast. Gud ber om orsaking til alle brukarane. At "Livet" vert restarta medføre desverre at alt som har skjedd etter år 4200 før Han vart fødd vil verta sletta. Alt vil starte på nytt, og Murdoc si IP-adresse vil verta blokkert.

Sjå også[rediger]